BK5forum-L Archives

Archiver > BK5forum > 2007-09 > 1189113533


From: "Magne I. Teppen" <>
Subject: Re: [BK-Nordic] Oppdateringstrøbbel.
Date: Thu, 6 Sep 2007 23:21:19 +0200
References: <n8vvd3t4ue52fgc7lpgbd6i683ehom31k7@4ax.com>
In-Reply-To: <n8vvd3t4ue52fgc7lpgbd6i683ehom31k7@4ax.com>


På grunn av at eg hdde gjort eit oppdrag for ein ikkjeslektning i Amerika,
hadde eg oppretta to BK-filer med kvar sitt ikon på stasjon C på PC'en min,
ein med alle mine slektningar pluss den "framande" slekta, til saman ca. 20
000 namn (denne versjonen var registrert), og ein med bare den framande
slekta, ca. 1000 namn (uregistrert).
Da eg skulle oppdatere min BK 6.1 henta eg først BK 6.2 og brukte "kjør",
ikkje "lagre". Så oppgraderte eg den att med det første alternativet i
brevet frå Otto Jørgensen. Da eg skulle opne BK etterpå kom bare den
"framande" familien opp på begge plassane, slekta mi var søkk borte. Begge
filene var no definerte som uregistrerte, men dei var oppgraderte til BK
6.2.
PC'en min er partisjonert i C, D og E. På D ligg BKsikkopi, den får eg
ikkje opna, men på E ligg det ein versjon, som er definert som BK 6.1,
uregistrert, men som (heldigvis!) inneheld alle mine drygt 20 000 namn,
inkludert dei alle siste eg har lagt inn. Kva har skjedd, og kva skal eg
gjera no?
Kan det vera ei løysing å bruke ein annan PC, leggja inn BK der, så lage ei
GEDCOM-fil av den komplette versjonen eg har på E, og importere den til den
andre PC'en, og oppgradere til BK 6.2der?
Må alle dei gamle BK-versjonane mine fjernast (både den "framande" og min
eigen på C, sikkerhetskopien på D opg den komplette versjonen på E) før eg
kan leggja attende den komplette versjonen frå den andre PC'en?
Magne I. Teppen

-----Opprinnelig melding-----
Fra: [mailto:] På
vegne av Otto Jørgensen



This thread: