FAMILIE_OG_SLEKT-L Archives

Archiver > FAMILIE_OG_SLEKT > 2004-04 > 1081958215


From: "Tor Sandstaa" <>
Subject: EKSPORT TIL WORD
Date: Wed, 14 Apr 2004 17:56:55 +0200


Av det eg kan sjå av E-posten er det fleire enn eg som ikkje klarer å få aktuelle rapportar fram i Word. Etter at eg har bede om eksport til Word og eg har definert kvar eg vil ha dokumentet lagra, tek programmet til å arbeida, men etter kort tid kjem den meldinga fram som eg har lagt inn nedafor. Når eg markerer "Don't send" går slektsprogrammet ned og det tek eit par - tre minutt å få det opp att. Eg har slektsprogrammet i versjon 5.0.581, Windows XP - engelsk og Word 97 - norsk. Då me fekk versjon 5.0.581 fjerna eg etterkomarbok og forfedrebok og la dei inn på nytt. Eg har tidlegare (før me fekk 5.0.581) fått fram same feilmeldinga, men då forsvant problemet av seg sjølv når eg opna slektsprogrammet på nytt. Eg har og installert den fullstendige versjonen av 5.0.581 - men problemet vart ikkje løyst med det. ( Den nye installeringa er no sletta).

Kven kan hjelpa meg ?

"Family Treasures Main Executable. Family Treasures Main Executable har encountered a problem and needs to close. We are sorry for the invonvenience. If you were in the middle of something, the information you were working on might be lost. Please tell Microsoft about this problem. We have created an error report that you can send to us. We will treat this report as confidential and anonymous. To see what data this error report contains, click here. "



Med helsing

Tor Sandstaa
Tlf 38 08 55 69




This thread: